Du er på besøk hos ein god kamerat, praten går lett om både ditt og datt. Gud fader kor lenge sidan du har hatt det så greitt. Tenk å få prate i lag utan å tenkje på anna jag.
Minutta går, timane fyker, dum var du, sjekka ikkje ferjeruta så no står ein på kaia og er forbanna.
Du kikkar på klokka og tenkjer at du kan vere ein time til. Nye emne vert no tekne opp og verdsproblem vert løyste. Minutta tikkar, du ser ned att, men dette går fint, eg er sikker.
Minutta går, timane fyker, dum var du, sjekka ikkje ferjeruta så no står ein på kaia og er forbanna.
Når ein kaffikopp vert bydd, du er då så trygg på at ferja ikkje går enno. Takkar ja og nýt ein kopp med ein herleg god mokka. Så ser du på klokka og tenkjer at no er det tida og vegen.
Minutta går, timane fyker, dum var du, sjekka ikkje ferjeruta så no står ein på kaia og er forbanna.
Du takkar for kaffi og prat og seier at du må rekke siste ferja. Tek venen din i handa og gjev ein klem, seier dette må vi gjere att. Køyrer så fort det går an berre for å oppdage at siste ferja har gått.
Minutta går, timane fyker, dum var du, sjekka ikkje ferjeruta så no står ein på kaia og er forbanna.